![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c7/Myotis_nattereri_%25282862347369%2529.jpg/640px-Myotis_nattereri_%25282862347369%2529.jpg&w=640&q=50)
Børsteflaggermus
pattedyrart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Børsteflaggermus (Myotis nattereri) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Europa frå Portugal og Irland i vest til vestlege delar av Russland i aust, og frå Sør-Skandinavia i nord til Middelhavet i sør, dessutan i Marokko og Algerie.[2]
Kjappe fakta
Børsteflaggermus | |
![]() Børsteflaggermus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av Børsteflaggermus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Flaggermus Chiroptera |
Familie: | Glattnasefamilien Vespertilionidae |
Slekt: | Myotis |
Art: | Børsteflaggermus M. nattereri |
Vitskapleg namn | |
Myotis nattereri Kuhl, 1817 |
Lukk
I Noreg er arten funnen svært sjeldan. Vinteren 2009/10 vart eit eksemplar funne i ei gruve i Lunner. Det førre funnet var då i 1961, i Oslo.[3] Arten er talrik i Sverige, men vandrar ikkje over store avstandar. Bestanden i Noreg er rekna å vera svært låg, og kritisk truga.[1]