![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7a/Wellenlaenge.png/640px-Wellenlaenge.png&w=640&q=50)
Bølgjelengd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bølgjelengd eller bylgjelengd er eit omgrep som siktar til avstanden mellom like tilstandar i eit repeterande bylgjemynster. Ein kan til dømes måla avstanden mellom bylgjetoppane.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7a/Wellenlaenge.png/320px-Wellenlaenge.png)
Bylgjelengda er ofte gjeven med den greske bokstaven lambda, λ.
Bylgjelengda heng saman med frekvensen f, talet på bylgjer som passerer eit gjeve punkt per tidseining. λ står i eit inverst forhold til frekvensen ved at bylgjelengda er lik farten til bylgja delt på frekvensen. For elektromagnetiske bylgjer (t.d. lys) i vakuum er farten til bylgja lik lysfarten. Lydbylgjer i luft held lydfarten. Samanhengen mellom bylgjelengd og frekvens vert skriven:
der
- λ er bylgjelengda av lydbylgja eller den elektromagnetiske bylgja
er utbreiingsfarten til bylgja, og
- f er frekvensen til bylgja målt i bylgjer per sekund, hertz (Hz).
Utbreiingsfarten for elektromagnetisk stråling er lysfarten. I vakuum vil det seia 299 792 458 m/s. Lyd gjennom luft breier seg med 343 m/s ved 20 °C.
Når lydbylgjer eller elektromagnetiske bylgjer går gjennom eit stoff, vert bylgjelengda redusert med ein faktor som tilsvarar brytingsindeksen eller ''refraksjonen n til mediet. Frekvensen endrar seg ikkje. Dersom me kjenner n er bylgjelengda i mediet er gjeven ved
,
der λ er bylgjelengda i mediet, medan λ0 er bylgjelengda i vakuum.
Bylgjelengder for elektromagnetisk stråling er oftast gjeven ved vakuumbylgjelengda, uavhengig av kva medium dei passerer.
Louis-Victor de Broglie oppdaga at alle partiklar som har rørslemengd har ei bylgjelengd kalla de Broglie-bylgjelengda. For ein relativistisk partikkel er denne bylgjelengda gjeven ved:
,
der:
- h er Plancks konstant
- p er rørslesmengda til partikkelen
- m er massen til partikkelen
- v er farten til partikkelen