![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d0/Bezier_curve.svg/langnn-640px-Bezier_curve.svg.png&w=640&q=50)
Bézier-kurve
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei Bézier-kurve er innanføre det matematiske spesialfeltet numerisk analyse ei viktig parametrisk kurve og er særleg nytta i framstillinga av datagrafikk og dataassistert design, CAD. Bézier-kurver vert nytta i mange dataprogram ved at kontrollpunkta vert viste grafisk. Ved å flytta rundt på dei kan ein intuitivt manipulera forma til kurva.
Bézier-kurver vart i stor grad gjort kjende i 1962 av den franske ingeniøren Pierre Bézier, som brukte dei som hjelpemiddel for design av bilar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d0/Bezier_curve.svg/640px-Bezier_curve.svg.png)