From Wikipedia, the free encyclopedia
Awarua Plains er eit større våtmarksområde aust for Bluff på New Zealand.[1] Det dekkjer eit areal på kring 600 km², og slettene strekkjer seg i 35 kilometer langs kysten av Foveaux-sundet. Denne kyststrekninga omfattar også halvøya Tiwai Point, Awarua Bay, Waituna Lagoon og Toetoes Bay. Elva Mataura River utgjer hovuddelen av vassføringa inn til Awarua Plains, saman med Oreti River, dei er leivningar etter elvene som i istida forma Southland Plains (Murihiku). I tillegg renn fleire mindre elver ut i Foveaux-sundet langs denne kyststrekkja, hovudsakleg via Awarua Bay og Waituna Lagoon.
Kulturministeriet på New Zealand (Ministry for Culture and Heritage) omset Awarua med «to elver».[2]
Awarua Plains er høvelege for radioverksemd, på grunn av låg og fjern horisont, høg bakkekonduktivitet og fråstand frå kjelder til radiointerferens.[3][4]
Staden vart utpeika etter ein ekspedisjon i 1911, leia av sjefen for Post- og Telegrafverket på New Zealand, leiarar i Forsvaret og representantar frå australske radiooperatørar som såg seg om etter «eit utstrekt og flatt landområde som kunne gi dei beste resultata for radiosendingar».[5]
Radio-relaterte installasjonar her er:
Awarua Radio (kallesignal VLB eller ZLB) var hovudstasjonen på New Zealand for kystradio.Ved opninga kunne stasjonen kommunisera med austkysten av Australia,[6] men sørgde etter kvart for verdsvid kommunikasjon av radiotelegrafi og tale til skip på havet. Nokre av installasjonane vart bygde av det tyske selskapet Telefunken. Stasjonen opna 18. desember 1913[7] driven av New Zealand Post Office (til 31 mars 1986), seinare av etterfølgjaren, Telecom New Zealand, til stasjonen vart stengd 30. august 1991.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.