Autobiografi eller sjølvbiografi er ei livsskildring forfatta av den skildringa handlar om.

Thumb
Illustrasjon til Baburnama, stormogul Babur sin sjølvbiografi.[1]
Thumb
Tittelsida til The Life of Sims Reeves written by himself (1888).

Ein slik tekst kan byggja på minnet til forfattaren, meir enn ein biografi skriven av ein annan, som gjerne byggjer på ulike kjelder som dokument og intervju. Sjølvbiografien kan vera ein måte å kasta lys over eit liv slik det eigentleg var ifølgje den som levde det, og kan gje stor innsikt i livet og samtida til den han handlar om. Han kan ta opp tema som forfattarane er opptekne av, som andeleg eller ideologisk utvikling), samfunnsproblem eller opplevingar dei meiner har offentleg interesse, som politikk, musikkliv og så bortetter.

Slike tekstar må likevel også lesast kritisk, med blikk på om forfattaren utelet noko, prøver å framstilla seg sjølv i eit best mogleg lys eller rettferdiggjera seg.

Fleire romanar gjev seg ut for å vera sjølvbiografiar. Nokre gonger kan det vera vanskeleg å skilja ein sjølvbiografisk roman frå ein rein sjølvbiografi.

Historie

Confessiones ('Vedkjenningar') av den heilage Augustin frå 397 er ofte rekna som den eldste sjølvbiografien. Ein kan likevel også gå lengre tilbake til Anabasis av Xenofon (401 f.Kr.), eller rekna gravinnskrifta til keisar Augustus av Romarriket, Res Gestae Divi Augusti (år 14) som ein sjølvbiografi.

Døme på sjølvbiografiar

  • Memorias av Leonor López de Córdoba (1400-talet)
  • Booke of Margery Kempe (1400-talet)
  • Baburnama av stormogul Babur (1500-talet)
  • Confessions av Rousseau (1782, fullført 1769)
  • The Interesting Narrative of the Life of Olaudah Equiano Gustavus Vassa, the African, Written by Himself av Olaudah Equiano (1789)
  • Aus meinem Leben. Dichtung und Wahrheit (1811–1833) og Italienische Reise av Johann Wolfgang von Goethe (1816–17)
  • Hasselnødder av Henrik Wergeland (1845)
  • Mit Livs Eventyr av H.C. Andersen (1855)
  • Story of My Life av George Sand (1855)
  • Incidents in the Life of a Slave Girl av Harriet Jacobs (1861)
  • My Early Life: 1874-1904 av Winston Churchill (1930)
  • An Autobiography av Jawaharlal Nehru (1936)
  • Se questo è un uomo av Primo Levi (1947)
  • Lady Sings the Blues av Billie Holliday (1956)
  • I Know Why the Caged Bird Sings av Maya Angelou (1969)
  • Wild Swans: Three Daughters of China (norsk Ville svaner) av Jung Chang (1992)
  • A Long Walk to Freedom av Nelson Mandela (1994)
  • Angela's Ashes (norsk Engelen på det sjuende trinn, 1996), ’Tis (norsk Ja så menn, 1999) og Teacher Man (2005) av Frank McCourt
  • Boy: Tales of Childhood (1984), Going Solo (1986), More About Boy (2008) av Roald Dahl
  • Life av Keith Richards (2010)

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.