![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/64/Au-map-no.png/640px-Au-map-no.png&w=640&q=50)
Austerriksk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Austerrike er eit lite fjelland i Sentral-Europa, om lag midt mellom Tyskland, Italia og Ungarn. Det har eit totalt areal på 83 859 km², om lag dobbelt så stort som Sveits.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/64/Au-map-no.png/320px-Au-map-no.png)
Austerrike grensar til land på alle sider og deler landegrenser med Sveits (164 km) og miniputtstaten Liechtenstein (35 km) i vest, Tyskland (784 km), Tsjekkia (362 km) og Slovakia (91 km) i nord, Ungarn i aust (346 km), og Slovenia (311 km) og Italia (430 km) i sør (totalt: 2563 km).
Den vestlegaste tredjedelen av det noko pære-forma landet består av ein smal korridor mellom Tyskland og Italia, som er mellom 30 og 60 kilometer brei. Resten av Austerrike ligg i aust og har ei maksimal breidd i nord-sør-retning på 280 km. Landet er nesten 600 km langt frå aust mot vest, og strekkjer seg frå Bodensjøen på grensa mellom Austerrike, Sveits og Tyskland i vest til Neusiedlersjøen på grensa mellom Austerrike og Ungarn i aust. Kontrasten mellom desse to innsjøane, den eine ligg i Alpane og den andre er ein typisk steppeinnsjø i dei vestlegaste områda av Den ungarske sletta, illustrerer kor variert landskapet i Austerrike er.
Sju av Austerrike sine ni delstatar har lange historiske tradisjonar som går mykje lengre tilbake i tid enn då Republikken Austerrike vart oppretta i 1918: Oberösterreich, Niederösterreich, Steiermark, Kärnten, Salzburg, Tyrol og Vorarlberg. Delstatane Burgenland og Wien vart oppretta etter Den første verdskrigen. Det meste av Burgenland hadde vore ein del av Kongeriket Ungarn, men hadde hovudsakleg tysktalande innbyggjarar, og vart derfor austerriksk. Administrative og ideologiske årsaker spelte ei rolle då Wien vart oppretta som ein eigen delstat. Wien var tidlegare hovudstaden i Nedre Austerrike og var eit sosialistisk område, medan resten av Nedre Austerrike var konservativt, og både sosialistane og dei konservative ville styrke syna sine i deira respektive delstatar. Kvar delstat har sin eigen delstatshovudstad, bortsett frå Wien, som er ein delstat i seg sjølv i tillegg til å vere hovudstaden i heile landet. I Wien fungerer byrådet som eit provinsparlament og ordføraren som ein provinsguvernør.