Auld Lang Syne
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Auld Lang Syne» (engelsk «Times gone by») er ein av dei best kjende songane i engelsktalande land. Melodien er ein skotsk ballade og teksten er dikta av Robert Burns i 1788. Burns tok utgangspunkt i omkvedet frå ein skotsk folkesong, vølte på omkvedet og la til tre mellomvers.
Det er i engelsksspråklege land ein fast skikk å synge denne songen kvar nyttårsaftan ved inngangen til det nye året. Skikken er særleg utbreidd i Skottland, der songen ofte vert bruka som avskils- eller oppbrotssong. «Auld lang syne» vert då òg rekna som Skottland sin nasjonalsalme.