Astypálea
From Wikipedia, the free encyclopedia
Astypálea (gresk Αστυπάλαια, italiensk Stampalia, osmansk tyrkisk استانبوليه İstanbulya), òg kalla Astipalea eller Astypalaia, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er 18 km lang og 13 km på det breiaste med eit areal på 97 km².
Astypálea Lokalt namn Αστυπάλαια | |
---|---|
Hamna på Astypálea | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°33′N 26°21′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 96,85 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kálymnos |
Største busetnad | Astypálea (1 084 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 1 376 (2021[1]) |
Folketettleik | 14,2 /km² |
Ástypálea er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Ástypálea 1 376 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 084 innbyggjarar.[1]
Kysten av Astypálea har mange klipper med mange små grusstrender innimellom. Ein stad på øya strekkjer det seg eit 10 km lang eid, som nesten deler øya i to delar. Hovudbyen og hovudhamna på øya er Astypálea eller Khóra, som dei lokale kallar han. Astypálea har ferjesamband til Pireus og dei andre øyane i Dodekanesane, i tillegg til flysamband med Aten.