![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d0/Neochmia_ruficauda_%2528aka%2529.jpg/640px-Neochmia_ruficauda_%2528aka%2529.jpg&w=640&q=50)
Astrildar
familie av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Astrildar er ein biologisk familie Estrildidae av ca. 140 artar små sporvefuglar med leveområde i «den gamle verda» og Australia. Som burfuglar blir dei ofte kalla praktfinkar.
Astrildar | |
![]() Sivastrild Neochmia ruficauda Foto: André Karwath | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eupasseres |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Astrildar Estrildidae Illiger, 1811 |
Dette er frøetande flokkfuglar, ofte kolonihekkande, med kort, kraftig, rett nebb. Artane har mest eins kroppsform, men skil seg mykje i farger og mønster i fjørdrakt.
Alle astrildar byggjer store, nær kuleforma reir og legg mellom 5-10 kvite egg. Somme artar i slektene Lagonosticta og Pytilia er vertar for hekkeparasitterande artar av enkjefamilien, Viduidae.
Dei fleste artane i familien krev varmt, ofte tropisk klima, men en del artar har tilpassa seg eit noko kaldare klima sør i Australia.
Den minste arten er svarthovudastrild, Nesocharis shelleyi som måler berre 8,3 cm, medan den lettaste arten er gråastrild, Estrilda troglodytes som veg 6 gram. Den største arten er javaisfugl, Padda oryzivora som måler 17 cm og veg 25 g.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cd/Red-browed_Finch.jpg/640px-Red-browed_Finch.jpg)