![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1b/Kleppest%25C3%25B8AndBridge.jpg/640px-Kleppest%25C3%25B8AndBridge.jpg&w=640&q=50)
Askøy kommune
kommune i Vestland fylke i Norge / From Wikipedia, the free encyclopedia
Askøy er ein kommune og ei øy i Vestland fylke. I tillegg til sjølve øya Askøy, ligg øyane Herdla, Ramsøy og Horsøy i kommunen, og dessutan ymse mindre øyar.
Askøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Kleppestø | ||
Areal | 101,12 km² | ||
• land | 94,43 km² | ||
• vatn | 6,69 km² | ||
Folketal | 30 145 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Yngve Fosse (H) | ||
Kommunenr. | 4627 | ||
![]() Askøy kommune 60.466666666667°N 5.15°E / 60.466666666667; 5.15 | |||
Wikimedia Commons: Askøy | |||
Nettstad: www.askoy.kommune.no | |||
Ved grensereguleringar i 1964 fekk Askøy kommune overført delar av gamle Herdla herad, i tillegg til dei delane av Meland kommune som låg på Askøy. Frå 1837 til 1918 var Laksevåg ein del av Askøy
Kommunesentrum er Kleppestø. I 1992 opna Askøybrua, som no er hovudsambandet til Bergen. Frå Kleppestø går det snøggbåt som tek 10 minutt inn til Bergen sentrum. Lokalavisa Askøyværingen har hovudkontoret sitt i Kleppestø.
Namnet «Askøy» kjem av garden Ask, på austsida av øya. I sin tur har garden namn frå treslaget ask. Eit gamalt namn på Askøy er «Fenring», eit namn som går igjen i sagalitteraturen.