Asjokasøyle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Asjokasøyle er ein frittståande søyletype frå Mauryariket på det indiske subkontinentet på 200-talet f.Kr. Dei har namn etter Asjoka den store, som truleg reiste dei og i alle høve stod bak innskrifter på dei. Asjokasøyler har klokkeforma kapitél og lotusblad, og er krona med dyrefigurar, som løver og elefantar. Ei gruppe løver frå ein av søylene dannar utgangspunktet for Det indiske riksvåpenet.
Ein kjenner til 19 attverande asjokasøyler, men fleire har eksistert. Berre seks av dei attverande søylene har dyrefigurarar øvst, ettersom avbildingar av dyr kunne vera mål for seinare muslimsk ikonoklasme. Mange av søylene finst berre som fragment.[2] Søylene var typisk 12-15 meter høge, og kunne vega opptil 50 tonn. Dei kunne fraktast hundrevis av kilometer til staden dei blei sett opp på.[3]