norsk journalist From Wikipedia, the free encyclopedia
Arthur Klæbo (6. august 1908–21. juli 1985) var ein norsk journalist, kåsør og forfattar. Han vart fødd i Ålesund og voks opp i Volda.
Arthur Klæbo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. august 1908 Ålesund kommune |
Død |
21. juli 1985 (76 år) |
Yrke | journalist, skribent, biograf, radioprogramleiar, programredaktør |
Arthur Klæbo var fyrst journalist i Den 17de Mai. Frå 1934 arbeidde han i NRK i Oslo. Her var han fyrste åra hallomann. Han var redaktør av Hallo-Hallo og av framhaldet av dette, Programbladet.
Klæbo vart etter kvart ein mykje omtykt radiokåsør. Kåseria kunne likne på ordmåleri, han brukte mange ulike ord, ein direkte talestraum, humoristiske karakteriseringar og tydelege undertonar. Om sin eigen kåseristil sa han: «Eg nyttar masse ord og fargar, nektar meg ingen ting. Det eg opplever, fortel eg så om. Inntrykka gir eit sant, realistisk bilete av miljø, folk og forhold.»
Klæbo slutta i NRK då han i 1978 nådde aldersgrensa. Same året vart han tildelt Kringkastingsprisen for nynorskbruk/ dialektbruk i media. Klæbø redigerte elles fyrste nummeret av Dag og Tid.
Av dei om lag 30 bøkene han skreiv finn ein kåserisamlingar og reiseskildringar. Dei mest kjende er truleg Farlige fjell og Ullstrømper til Afrika. Klæbo har òg skrive skodespel.
Han døydde i Oslo.
Arthur Klæbo fekk kongens fortenestmedalje i gull i 1977.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.