![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/37/Arranmore.jpg/640px-Arranmore.jpg&w=640&q=50)
Arranmore
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arranmore (Árainn Mhór på irsk) er den største busetta øya i County Donegal, og den nest største i heile Irland. I 2006 hadde øya 528 innbyggjarar. Øya er ein del av Gaeltacht, området på Irland der ein framleis snakkar irsk. På engelsk vert øya òg kalla Aran Island. På irsk vert øya vanlegvis kalla Árainn, og adjektivet mór (stor) vart lagt til ganske nyleg. Ho vert òg stundom kalla Árainn Uí Dhomhnaill på irsk, som tyder «O'Donnells si Aran».
Kjappe fakta Arranmore Lokalt namn Árainn Mhór, Geografi ...
Arranmore Lokalt namn Árainn Mhór | |
---|---|
![]() Fastlandet i Donegal sett frå Arranmore | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet, vest for Irland |
Koordinatar | 54°59′N 08°32′W
|
Administrasjon | |
Land | Irland |
Grevskap | County Donegal
|
Demografi | |
Folketal | 528 (2006) |
Lukk
Øya ligg 5,5 km utanfor Burtonport og to ferjer går regelmessig frå fastlandet til øya. Turen tar om lag 25-30 minutt, men i 2007 vart ei ny ferje sett i drift, som gjer unna turen på berre 5 minutt. Turen ut til øya går forbi mange småøyar og kryssa eit stykke med ope hav i Atlanterhavet.