Argolikósbukta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Argolikósbukta er ei bukt i Egearhavet utanfor austkysten av Peloponnes i Hellas. Den største øya her er Spétses. Bukta vert stundom omtalt i lag med Saroniabukta som Den argosaroniske bukta, medan øyane i dei to buktene blir kalla Dei argosaroniske øyane eller oftare berre Dei saroniske øyane]. Rundt bukta ligg periferieiningane Arkadía og Argolída.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Argolikósbukta Αργολικός Κόλπος, Argolikós Kólpos | |||
bukt | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Del av | Egearhavet | ||
Argolikósbukta 37.338055555556°N 22.934444444444°E / 37.338055555556; 22.934444444444 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Argolic Gulf | |||
Lukk
Ei anna øy i bukta er Boúrtzi, ei lita øy like utanfor Návplio, med ei borg som i dag er eit monument. Andre øyar i bukta er Platiá og Psilí, som ligg nær kysten av Argolída.
Det går ferjeruter over bukta mellom Návplio, Spétses, Ýdra, Tyrós, Leonídio.
Byar og landsbyar langs bukta er: