Arba'in
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arba'in (arabisk الاربعين, 'førti') eller tsjehelom (urdu) er ei høgtid feira av sjiamuslimar. Dagen blir feira årleg den tjuande safar, førti dagar etter asjura, dødsdagen til martyren Husayn ibn Ali i 680. Dette er den vanlege lengda på sørgjetida i islam.
Karbala i Irak med Husayn-moskeen er den viktigaste staden for denne høgtida. Feiring av høgtida i byen var forbode i mange år under Saddam Hussein sitt styre. Ho kunne markerast igjen etter den USA-leia invasjonen av Irak i 2003. I 2008 kom det rundt ni millionar pilegrimar til byen under arba'in.