From Wikipedia, the free encyclopedia
Arafa-dagen (yaum arafah) er ein muslimsk merkedag, den andre dagen av hadj-pilegrimstida og dagen før høgtida id ul-adha. Han fell på den 9. dhu al-hidja, 70 dagar etter slutten av ramadan og id al-fitr.
Arafa-dagen er rekna som datoen då islam blei fullbyrda. Dette var dagen då sure 5 i Koranen, Al-maidah, blei opplesen på Arafa.
På Arafa-dagen vil hadj-pilgrimar dra frå Mekka til åstoppen Arafa eller Arafat like utanfor byen. På denne toppen skal profeten Muhammed ha halde avskjedspreika si. Pilgrimane ber ståande om tilgjeving for syndene sine og personleg styrke i framtida. Dei samlar også steinar til den rituelle steininga av Satan.
Også muslimar som ikkje utfører hadj kan tilbringa dagen i bøn, faste og lesing av Koranen. Ein hadith seier at både syndene i året som har gått og det komande året blir tilgjevne om ein fastar på denne dagen.
Datoane for Arafa-dagen i den gregorianske kalenderen har dei siste åra vore:
Dagen startar ved solnedgang kvelden før.
Id ul-adha følgjer etter Arafa-dagen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.