fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordbrunkivi, Apteryx mantelli, er ein kiviart som er utbreidd i dei nordlege to tredjedelar av Nordøya på New Zealand, og med ca. 35 000 gjenlevande individ,[1] er dette den mest vanlege av alle kiviar. Arten er ein del av brunkivikomplekset, tidlegare éin art brunkivi, Apteryx australis, og er morfologisk svært lik dei to andre medlemmene, sørbrunkivi og okaritokivi.
Nordbrunkivi | |
Nordbrunkivi på fjellet Maungatautari Foto: Maungatautari Ecological Island Trust | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Nordbrunkivi | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Apterygiformes |
Familie: | Apterygidae |
Slekt: | Kiviar Apteryx |
Art: | Nordbrunkivi A. mantelli |
Vitskapleg namn | |
Apteryx mantelli Bartlett, 1851 |
Nordbrunkivi finst på isolerte, fragmenterte stader over store delar av Nordøya. Nordbrunkivi har vist uvanlege tilpassingsevner til å leve på krattaktig åkerland, i plantasjar og i urskog, men dei føretrekk framleis tett, subtropisk og temperert skog.[1]
Hofuglar er ca. 40 cm høge og veg ca. 2,8 kg, hannane er noko mindre ca. 2,2 kg. Fjørdrakta er stripa i raudbrunt og er busta.
Paret har 2-3 kull i året med to egg i kvart kull, nokre gonger eitt egg. Ungane har utvikla fjørdrakt ved klekking, forlèt reiret og kan klare seg sjølv innan ei veke.[1]
Populasjonen er estimert til totalt over 35 000 individ (2008) og er minkande.[1] Nordbrunkivi har status «sterkt truga», i følgje IUCN raudliste, den største trusselen kjem frå rovdyr, slik som hundar, kattar og røyskatt. 94 % av ungane døyr i områda der tiltak mot pattedyr ikkje er utført.[1] Men i område under aktiv forvaltning, kan overlevingsraten for nordbrunkivi vere langt høgare. Til dømes, takka vere pågåande skadedyrskamp i eit område av Tongariro-reservatet, blei overlevingsraten nesten dobla i eit år med tiltak.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.