Apparatturn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Apparatturn er ei form for turn der ein nyttar ulike apparat, som bom, skranke, ringar, bøyelhest og matte.
Idretten krev mykje styrke, bevegelegheit, uthaldenheit og dristigheit. Når ein trenar apparat turn får ein unik kroppskontroll, smidigheit og styrke i kroppen. Dette gjer at det er lett å få eit grunnlag innanfor andre idrettar. Apparatturn omfattar ulike øvingar, for kvinner finst det fire ulike øvingar, skranke, hopp, bom og frittståande. Det finst ulike nivå i alle apparata, nivået går frå 1 som er det lettaste til trinn 5 som er det beste. Viss ein kjem over trinn 5, kan ein gå over til Fig, det er her alle dei beste turnere i Noreg konkurrerer, men for å stille i Fig må ein vere 13 år og oppover.