From Wikipedia, the free encyclopedia
Anton Vladimirovitsj Sjipulin (fødd 21. august 1987) er ein russisk skiskyttar frå Tjumen i Tjumen oblast, som var ankermann på Russland sitt lag som vann gullmedalja i 4 x 7,5 km stafett under Vinter-OL 2014 i Sotsji. Han har elles vunne to individuelle VM-sølv og like mange individuelle VM-bronsar i åra 2012-15, samt OL-bronse i stafett i 2010 og VM-sølv i same i 2011.
Anton Sjipulin | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 21. august 1987 (37 år) Tjumen |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Stafett menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn |
Utmerkingar | Venskapsordenen, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Frå januar 2011 til januar 2016 har Sjipulin vunne åtte individuelle renn i verdscupen i skiskyting. Han enda på andreplassen i verdscupen i skiskyting 2015, bak Martin Fourcade frå Frankrike.
Også Sjipulins eldre syster, Anastasija Kuzmina, har vore skiskyttar på internasjonalt toppnivå.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.