Grågås (Anser anser) er ein stor fugl i andefamilien.

For den islandske lovboka «Grågåsa», sjå Grágás
Kjappe fakta
Grågås
Thumb
Grågås

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Thumb
Utbreiinga av Grågås
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Anser
Art: Grågås A. anser
Vitskapleg namn
Anser anser
Lukk

Skildring

Grågåsa når ei lengd på 75–90 cm og har eit vengespenn på 147–180 cm Vekta er normalt mellom 2,2 og 5,5 kg. Ho har oransjefarga nebb og er grå med mørke spettar på øvre del av halsen og langs sidene. Spettane blir mørkare og større mot tuppen av vengefjørene, som er heilt mørke. Fuglen har dessutan innslag av kvitt på undersida av stjerten.

Ein deler gjerne grågåsa inn i to underartar, ein vestleg og ein austleg. Tidlegare rekna ein òg norske, islandske og skotske grågjæser som ein eigen underart, men ei slik inndeling blir per i dag ikkje akseptert.

Utbreiing og hekking

Thumb
Eit av grågåspara som hekkar i Storelva, på småøyane utanfor Vesterntangen i Hønefoss.

Grågåsa er ein trekkfugl, sjølv om dei som hekkar i Skottland, som visse andre populasjonar i nordvest-Europa, er standfuglar. Ho hekkar i det det geografiske området som blir kalla Palearktis, frå Island til Nederland i vest via Nord-Europa og Russland til Stillehavet i aust. Under trekket vår og haust er det kjent at grågjæser kan «haike» med andre gjæser, eksempelvis kortnebbgås på veg mot hekkeplassane på Svalbard.

I Noreg hekkar grågåsa stort sett langs kysten, på gras- og lyngkledde holmar og øyar, frå Oslofjorden til Porsangerfjorden. Det er òg registrert hekkande fugl på det indre Austlandet. I 2007 hekka det eit grågåspar på ei av dei små øyane utanfor Vesterntangen i Hønefoss, der Begnaelva møter Randselva. Hekkinga på Austlandet har truleg samanheng med utsetting av fugl i indre Oslofjorden frå 1960-talet og framover. Tidlegare hekka nemleg grågåsa berre frå Rogaland og nordover.[2] Den norske bestanden høyrer til den nordvesteuropeiske grågåsbestanden.

Anna

Grågåsa er stamfaren til tamgåsa i Europa og Nord-Amerika. Flokkar med ville fuglar som stammar frå tamfuglar er utbreidde.

Innanfor vitskapen har grågåsa ein historisk posisjon som den arten som åtferdsforskaren Konrad Lorenz først brukte i studia sine om det behavioristiske fenomenet preging.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.