From Wikipedia, the free encyclopedia
Anna Maria Louisa Italiano, kjend som Anne Bancroft, (17. september 1931–6. juni 2005) var ein amerikansk skodespelar. Ho vart fødd i Bronx i New York. Etter fleire TV-opptredenr under namnet Anne Marno vart ho beden om å endra familienamnet til spelefilmdebuten i Farlig kvinne i 1952.
I 1958 spelte Bancroft mot Henry Fonda i Broadway-oppsetninga av Two for the Seesaw, ei rolle ho vann ein Tony Award for.
Andre store roller hadde Bancroft i Halvveis til lykken (opph. The Pumpkin Eater), 7 kvinner (opph. 7 Women) og Manndomsprøven (opph. The Graduate), der ho spelte Mrs. Robinson mot Dustin Hoffman i rolla som Benjamin Braddock.
I 1964 gifta Bancroft seg med Mel Brooks, og dei vart verande gifte fram til ho døydde. Saman fekk dei ein son, Maximillian.
Bancroft var nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fem gonger, og vann i 1963 prisen for rolletolkinga si i The Miracle Worker. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.