From Wikipedia, the free encyclopedia
Anne-Marie Colchen, gift Maillet, (8. desember 1925–26. januar 2017) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar og basketballspelar frå Le Havre.
Anne-Marie Colchen | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 8. desember 1925 Le Havre |
Død | 26. januar 2017 (91 år) Sanary-sur-Mer |
Idrett | korgball, friidrett, friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1948, VM i basketball for kvinner 1953, EM i basketball for kvinner 1950, EM i basketball for kvinner 1952, EM i basketball for kvinner 1954, EM i basketball for kvinner 1956 |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen, ridder av Ordenen for sportsfortjenester, ridder av Palmes académiques |
Colchen vann to medaljar under EM i friidrett 1946 i Oslo. Opningsdagen vann ho høgdetevlinga ettersom ho var den einaste som tok seg over 1,60 meter, fem andre kvinner enda med 1,57 i resultatprotokollen. Siste meisterskapsdagen fekk ho og lagkameratane sølv i 4 x 100 meter stafett, klart slått av det sterke nederlandske laget.
Under dei olympiske leikane i London i 1948 stopp Colchen på 1,40 m i høgdehopp og vart nummer 14. To år seinare kom ho på sjetteplass då ho klarde 1,50 m ved friidretts-EM 1950 i Brussel.
Frå 1946 til 1956 spelte Colchen 63 landskampar for Frankrike i basketball. Ho var med i samtlege fire europameisterskapane i tida 1950-56. Høgdepunktet var då Frankrike tok bronse i den aller fyrste verdsmeisterskapen i basketball i Chile i 1953, der USA vann framom vertslandet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.