From Wikipedia, the free encyclopedia
Ann Cathrin Eriksen (fødd 9. september 1971) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bodø som vann EM-gull 1998, VM-gull 1999 og OL-bronse i 2000.
Ann Cathrin Eriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. september 1971 (53 år) Bodø |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 177 centimeter |
Kantspelaren melde seg inn i topplaget Byåsen IL i 1990, og spelte på laget frå Trondheim til ho trappa ned. Ho meisterskapsdebuterte for Noreg under handball-VM 1995, der ho var med å tape bronsefinalen mot Danmark. Korkje i 1996 eller 1997 fekk ho plass i dei norske handball-troppane til OL, EM og VM. Derimot var ho med då dei norske handballkvinnene slo Danmark med åtte mål i EM-finalen 1998, sjølv skåra ho to av Noregs 24 finalemål i det som var hennar beste meisterskap. I 1999 vart ho verdsmeister på heimebane på Lillehammer og hausten 2000 fekk ho bronsemedalje med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney, i begge desse meisterskapane sat ho på tribunen i finalen. Semifinaletapet mot Ungarn to dagar før bronsefinalen i Sydney vart hennar 127. og siste landskamp. Gjennom knapt elleve år på landslaget skåra ho 119 mål.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.