gresk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Angelos Basinas (fødd 3. januar 1976) er ein gresk tidlegare fotballspelar frå Khalkida som vart europameister med Hellas i 2004. Midtbanespelaren spelte 100 landskampar i tida 1999-2009 og var med vinne den nasjonale cupen og toppserien med Panathinaikos, også det i 2004.
Angelos Basinas | |
Verkeleg namn | Άγγελος Μπασινάς |
Statsborgarskap | Hellas |
Fødd | 3. januar 1976 (48 år) Khalkída |
Yrke | fotballspelar |
Språk | nygresk |
Høgd | 180 centimeter |
Angelos Basinas på Commons |
Etter to år på benken i den greske storklubben Panathinaikos, var Basinas fast på laget i tida 1997-2005. Han fekk såleis med seg dobbeltriumfen våren 2004, då laget frå Athen vann både serien og cupen i Hellas. Hausten 2005 rauk han uklar med trenaren og vart sett ut av laget. I januar 2006 skreiv han kontrakt med Real Mallorca i den spanske La Liga, der han var aktiv fram til juni 2008. Etter eit ganske kort mellomspel i AEK Athen, vart han i februar 2009 overført til engelske Portsmouth. Sommaren 2010, etter at Portsmouth hadde rykt ned frå Premier League, gjekk Basinas til AC Arles-Avignon i Frankrike, men la opp allereie i oktober same året.
Basinas landslagsdebuterte 18. august 1999 mot El Salvador. I 2004 var han med på å vinne fotball-EM i Portugal, etter finaleseier 1-0 over vertsnasjonen. Frå våren 2007 var Basinas lagkaptein på landslaget. Den 1. april 2009 var han benka då Hellas vann 2-1 over Israel i Heraklion, men fekk kome inn på bana få minuttar før slutt, til si 100. og siste opptreden i gresk landslagsdrakt. Han skåra sju landslagsmål, fem av dei på straffespark.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.