Anemi (gresk αναιμία, anemía, «utan blod») er eit nivå på raude blodlekamar og/eller hemoglobin som er lågare enn normalt. Ein reknar òg som anemi om hemoglobinet har mindre evne til å frakte oksygen.

Kjappe fakta Klassifikasjonar og ressursar, MeSH ...
Anemi
Thumb
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD000740
Lukk

Dette gjer at lekamen får mindre oksygen enn han treng. Teikn på dette er bleik hud (usikkert) og slimhinner (sikkert), at ein er mykje trøytt, har mindre yteevne, dårlegare konsentrasjonsevne, hjarteklapp, hovudverk, blir svimmel og kan bli kortpusta ved tungt arbeid. I tillegg kan det kome symptom frå sjukdommen som ligg til grunn for anemien. Anemi er aldri ein sjølvstendig diagnose, men alltid symptom på ein annan tilstand.

Typar anemiar

Patofysiologisk kan me dela anemiane inn i dei som kjem av auka forbruk av raude blodlekamar (og nokre andre årsaker) og dei som kjem av endra produksjon av raude blodlekamar i beinmergen. Denne lista er ikkje fullstendig.

  • Anemi på grunn av auka forbruk av blodlekamar (regenerativ anemi)
    • Akutte og kroniske blødningar (utan jernmangel)
    • Hemolytisk anemi
  • Korpuskulær (årsak i blodlekamen)
  • Defektar i membranen til blodlekamen: Sfærocytose, Elliptocytose
  • Enzymdefektar: Glucose-6-PDH-mangel, Pyrovatkinasemangel
  • Paroksysmal nokturnal hemoglobinuri
  • Ekstrakorpuskulære (årsak utanfor blodlekamen)
  • Immunhemolyse (øydelegging årsaka av immunreaksjon, til dømes Rhesus-immunisering hjå nyfødde)
  • Mekaniske årsaker
  • Forgiftingar (til dømes cyanid og karbonmonoksid)
  • Anemi på grunn av feil i framveksten av blodlekamar
    • Forstyrring i hemoglobinsyntesen
    • Stamcellefeil
      • Aplastisk anemi
      • Myelodysplastisk syndrom
    • Nedsett beinmergsfunksjon
    • Renal anemi (årsaka av mangel på erythropoetin
    • Mangel på vitamin B12 eller folat (vitamin B9)
    • Juvenil reumatoid artritt/systemisk lupus erythematosus

Diagnostikk av anemi

(dette er ei ufullstendig liste)

  • Basisprøvar: Utstryk, Hemoglobin, tal på raude blodlekamar, hematokritt, tal på retikulocyttar, tal på kvite blodkroppar m/ differesialtelling, tal på blodplatar, ferritin
  • Hemolyse: Haptoglobin, LD, bilirubin
  • Mangeltilstandar: Jernstatus (s-jern, TIBC, eventuelt jarnbelastning), Vitamin B12, folat i serum/fullblod, malabsorbsjonsutredning
  • Eventuelt beinmargsundersøking (leukemi, beinmargssvikt)
  • Eventuelt infeksjonsutreidning.

Sjå òg

  • Polycytemi (ufysiologisk mange raude blodlekamar)
  • Leukocytopeni (sjukeleg få kvite blodlekamar)
  • Trombocytopeni (sjukeleg få blodplater)

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.