britisk politikar og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Andrew Marvell (31. mars 1621–16. august 1678) var ein engelsk diktar og politikar. Ved sida av John Donne og George Herbert blir han rekna til dei viktigaste metafysiske poetane. Marvell sat i Det britiske underhuset til ulike tider mellom 1659 og 1678. Under Commonwealth-tida var han ein kollega og ven av John Milton. Dikta hans omfattar kjærleiksdiktet «To His Coy Mistress», pastorale skildringar i «Upon Appleton House» og «The Garden» og politiske omtalar i «An Horatian Ode upon Cromwell's Return from Ireland». Han skreiv også personlege og politiske satirar som Flecknoe og The Character of Holland.
Marvell sin poesi er ofte åndrik og full av conceits, heilt i stilen til dei metafysiske poetane. Mange av dikta er inspirerte av hendingar i tida, politiske eller personlege. The Picture of Little TC in a Prospect of Flowers blei skriven til dotter til ei av venene til Marvell, Theophila Cornwell, og fekk namn etter ei eldre søster som døydde som spedbarn. Marvell tok i bruk eit bilde av ho i ein hage omgjeven av blomar for å skildra våren som overgangstid og den sårbare barnetida.
Andre dikt skreiv han i den pastorale stilen til dei klassiske romerske forfattarane. Også i desse stiller Marvell opp bilde for lesaren, til dømes i «The Nymph Complaining for the Death of her Fawn», gret ei nymfe for eit lite dyr som er i ferd med å døy, og fortel korleis dyret trøysta nymfa etter elskaren sveik ho.
Eit samleverk med alle dikta til Marvell kom ut posthumt i 1681.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.