![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/de/Musculi_coli_sternocleidomastoideus.svg/langnn-640px-Musculi_coli_sternocleidomastoideus.svg.png&w=640&q=50)
Anatomiske rørsleskildringar
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Rørsle er skildra ved bruk av spesifikke anatomiske omgrep. Rørsle førekjem i organa, lemmene og andre spesifikke kroppsdelar. Terminologien som blir bruka skildrar denne rørsla i samsvar med den relative retninga til ledda i anatomisk utgongsstilling. Anatomar brukar ei einskapleg samling av omgrep for å skildra rørsle, men den unike rørsla i hendene, føtne og augene krever ofte spesialiserte omgrep.
Rørsle blir ofte klassifisert i samsvar med anatomiske plan. Fleksjon og ekstensjon er døme på vinkelrørsle, der to aksar i eit ledd høvesvis blir ført nærare eller lenger vekk frå kvarandre. Rotasjonsrørsle blir skildra som intern eller ekstern og kan førekoma i somme ledd, som til dømes skuldra. Andre omgrep, som til dømes elevasjon og depresjon, visar høvesvis til rørsle over eller under horisontalplanet. Mange anatomiske omgrep stammar frå latin, der dei ofte har same tyding.
Læra om rørsle vert kalla rørslelære, og må ikkje forvekslast med «anvendt» kinesiologi, som er ei alternativ behandlingsform.