Anáfi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Anáfi (gresk Ανάφη) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg aust for øya Santoríni (Thíra).
Anáfi Lokalt namn Ανάφη | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°22′N 25°47′E |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 40,37 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Thíra |
Største busetnad | Anáfi (284 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 293 (2021[1]) |
Folketettleik | 7,3 /km² |
Anáfi er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Anáfi 293 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 284 innbyggjarar.[1]
Øya har stort sett vore ukjend for ferierande i lang tid, men dei siste åra har ho vorte ein meir populær turiststad. Ho er ei svært lita øy med bratte klipper som gjev flott utsyn over sjøen og vakre solnedgangar.
I følgje gresk mytologi fekk øya namnet sitt fordi ho dukka opp frå djupet for å gje argonautane ein tilfluktsstad under ein kraftig storm. Andre seier at namnet kjem av det ikkje finst slangar på øya («An Ofis» tyder «utan slangar»). På øya står klosteret Panajía Kalamiótisσa og eit tempel bygd for guden Apolona.