From Wikipedia, the free encyclopedia
Amundsen Bay, òg kjend som Ice Bay, er ei 26,5 km brei bukt like vest for Tula Mountains i Enderby Land i Antarktis. Bukta vart sett som ei isfylt senking i kystlinja av sir Douglas Mawson den 14. januar 1930. Ho vart observert igjen av kaptein Hjalmar Riiser-Larsen, som leia ein norsk ekspedisjon under ein flytur den 15. januar, og kartlagd nærare den rette posisjonen av nordmennene. Bukta vart kartlagd i detalj under Australian National Antarctic Research Expeditions i 1956 og igjen frå «Thala Dan» i februar 1958. Ho vart namngjeven av Mawson etter Roald Amundsen, som var første mann til Sørpolen.
Amundsen Bay | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 66°55′S 50°0′E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Amundsen Bay 66.9167°S 50°E | |||
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.