![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bc/Eubucco_bourcierii_-_male.jpg/640px-Eubucco_bourcierii_-_male.jpg&w=640&q=50)
Amerikaskjeggfuglfamilien
fuglefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Amerikaskjeggfuglfamilien er ein biologisk familie Capitonidae, i ordenen Piciformes, som lever i fuktige skogar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Som andre skjeggfuglar er dei er tett nærskyle til tukanar.
Kjappe fakta
Amerikanske skjeggfuglar | |
![]() Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii Foto: Ana Agreda | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av Amerikanske skjeggfuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Amerikanske skjeggfuglar Capitonidae Bonaparte, 1838 |
Lukk
Amerikaskjeggfuglar er for det meste trelevande fuglar som hekkar i hole tre. Dei et frukt og insekt. Desse fuglane er ikkje trekkfuglar.
To artar av amerikanske skjeggfuglar er oppført som trua av IUCN: kvitryggskjeggfugl i Colombia er oppført som trua, utbreiinga er trua av avskoging ved utviding av landbruksareal, inkludert kokaplantasjer, og gruvedrift. Den relativt nyleg oppdaga arten raudbelteskjeggfugl i Peru er truleg sårbar på grunn av liten populasjon, rekna til under tusen fuglar, sjølv om habitatet ikkje er umiddelbart trua.