Amerikapurpurhøne (Porphyrio martinicus) er ein fugl i riksefamilien med utbreiing i sørlegaste USA, i Karibia, Mellom-Amerika og mykje av Sør-Amerika.

Kjappe fakta
Amerikapurpurhøne
Thumb
Amerikapurpurhøne
Foto: Tom Friedel
Utbreiing
Thumb
Utbreiinga av amerikapurpurhøne
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Slekt: Porphyrio
Art: Amerikapurpurhøne P. martinica
Vitskapleg namn
Porphyrio martinica
Lukk

Skildring

Dette er ei mellomstor rikse som måler 27-36 centimeter i kroppslengd, har vengespenn på 50-61 cm og veg i området ca. 150 til 300 gram. I gjennomsnitt veg vaksne hannar noko meir enn hoene. Dei har store, gule føter, lilla blå fjør med grøn rygg og raudt nebb med gul tupp. Panneblesen er lyseblå. Undergumpen er kvit. Juvenilar er i hovudsak varmbrune, med olivenfarga overside.[1]

Arten lever i subtropisk eller tropisk lågland, ved varme sumpar og myrar i dei søraustlege delstatane i USA og dei tropiske områda i Mellom-Amerika, Karibia og Sør-Amerika sør til og med nordlege Argentina. Fuglar i Florida og tropisk Amerika er standfuglar, men dei fleste nordamerikanske hekkefuglane er trekkfuglar, og overvintrar sør til Argentina. I Sør-Amerika har dei fråvære frå Chile og generelt frå høgste Andes, men finst i opp til 4000 moh. i Peru.

Arten førekjem som streiffuglar over store område. Ein har registrert individ så langt vest som California og Galápagos-øyane, så langt nord som Island og Labrador-halvøya, så langt sør som Sør-Georgia, og så langt aust som Noreg, Storbritannia, Kapp Verde og i stor grad i Sør-Afrika.[1]

Reirplassen er ofte ein flytande struktur av plantemateriale i våtområde. Dei legg tre til ti egg i kullet. Dietten inneheld eit breitt spekter av plante- og dyremateriale, inkludert frø, blad og frukter av både akvatiske og jordbaserte planter, og dessutan insekt, froskar, sniglar, edderkoppar, regnormar og fisk.

Storleiken på populasjonen er ikkje kjent, men trudd å vere minkande i Nord-Amerika.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.