Amadora
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Amadora er ein by og ein kommune i Portugal, nordvest i storbyområdet Lisboa. Byen og kommunen har 175 000 inbyggjarar og med eit areal på 23,77 km² er han den mest folkesette kommunen i landet.
Amadora | |||
by | |||
|
|||
Offisielt namn: Amadora | |||
Land | Portugal | ||
---|---|---|---|
Region | Lisboa | ||
Distrikt | Lisboa | ||
Borgarmeister | Joaquim Raposo | ||
Plassering | |||
Amadora 38.75°N 9.2333333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Amadora | |||
Nettstad: www.cm-amadora.pt | |||
Kommunen vart oppretta 11. september 1979 då han vart skild ut frå kommunen Oeiras. Sidan den gong har han vore rekna som eigen by. Han dannar eit storbyområde i lag med Lisboa og begge byar deler den same undergrunnen, samt buss- og tognettverk. Han er òg ein stor bustadsforstad til hovudstaden og landskapet er dominert av store leilegheitsblokker og noko industri. Amadora har eit stort samfunn av afrikanske innvandrarar, hovudsakleg frå Angola og Kapp Verde.
Sjølv om det er startar store rehabiliteringsplanar vert Amadora framleis rekna som ein by med mykje kriminalitet og trafikkorkar.
Kvart år er det ein internasjonal teikneseriefestival i Amadora.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.