Almanakkforlaget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Almanakkforlaget er eit privat forlag, eit marknadsnamn for Emil Moestue AS. 2. april 1912 underteikna Emil Moestua AS ein kontrakt med Det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo om produksjon og utgjeving av Almanakk for Noreg frå og med 1913-årgangen. Denne eineretten hadde Emil Moestue as heilt fram til 1987, då Stortinget oppheva eineretten.
ALmanakkforlaget samarbeider med Ajasto i Finland og og Almanacksförlaget i Sverige om utgjeving av almanakkar og kalendariske produkt. Forlaget har tre registrerte varemerke og produkt; Den 7de Sans, Aplan og Filofax.