Alluitz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alluitz (òg kalla Aitlluiz eller Ailuitz) er eit fjell i Bizkaia i regionen Baskarland i Spania med ei høgd på 1034 meter over havet.
Kjappe fakta Land, Region ...
Alluitz | |||
fjell | |||
Alluitz frå aust og delar av ryggane | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Bizkaia | ||
Fjellkjede | Baskarfjella | ||
Høgd | 1 034 moh. | ||
Primærfaktor | 88 m | ||
Lettast tilkomst | Frå Atxarte (290 moh.) | ||
Førstestiging | 1867 | ||
Koordinatar | 43°10′16.91″N 2°38′20.26″W | ||
Alluitz 43.171363888889°N 2.6389611111111°W / 43.171363888889; -2.6389611111111 | |||
Wikimedia Commons: Alluitz | |||
Lukk
Fjellet er det nest høgaste i Urkiolafjella og er ein del av det same kalksteinsmassivet som dannar Anboto.
Det største kjenneteiknet til fjellet er ein 600 meter høg fjellvegg som utgjer sørsida. Nordsida er òg bratt, men er lettare å forsere for erfarne fjellklatrarar.
For å nå toppen må ein gå langs ryggane frå Anboto, og ein må passere «Djevelpasset» som har teke fleire liv.