Algonkinske språk er ei gruppe amerikanske urfolkspråk i Nord-Amerika som omfattar dei fleste språka i den algiske språkfamilien (berre to algiske språk er ikkje algonkinske, nemleg wiyot og yurok i det nordvestlege California). Algonkinske språk blir tala av algonkinske folk, frå atlanterhavskysten i aust til Rocky Mountains i vest. Dei algonkinske språka stammar frå det hypotetiske urspråket proto-algonkinsk, som må ha blitt tala for fleire tusen år sidan, truleg minst 3000 år.
Dei einskilde algonkiske språka
På grunnlag av Campbell (1997: 152-154)[1] og Mithun (1999: 327-340)[2] kan dei algonkinske språka klassifiserast slik (symbolet † viser at språket er utdøytt):
- 1. Blackfoot
- 2. Cheyenne
- 3. Arapaho-språkgruppa (også kjent som arapaho-atsina)
- 3a. Arapaho
- 3b. Atsina
- 3c. Besawunena
- 3d. Nawathinehena
- 4. Menomini (også kjent som menominee)
- 5. Cree-montagnais-naskapi (også kjent som cree-montagnais)
- 6. Ojibwe-potawatomi (også kjent som ojibwa, ojibway, chippewa, chippeway eller anishinaabemowin)
- 6a. Ojibwe
- 6b. Potawatomi
- 7. Fox-sauk-kickapoo
- 8. Shawnee
- 9. Miami-illinois †
- 10. Aust-algonkinske språk
Undergrupper av algonkinske språk
Dei litt over 15 aust-algonkinske språka, pkt. 10 i lista over, er den einaste genetisk baserte greina av algonkinsk som algonkinistane (dei som granskar algonkinske språk) til no har greitt å etablere. Dette tyder at dei algonkinske språka som ikkje er aust-algonkinske (språk 1–9 i tabellen over), ikkje utgjer noka genetisk eining andsynes aust-algonkinsk. Det er likevel vanleg å dele språk 1–9 (dei «ikkje-aust-algonkinske språka») inn i geografiske undergrupper:
- A. Prærie-algonkinske språk
- B. Sentral-algonkiske språk
- 4. Cree-montagnais(-naskapi) (også kjent som cree-montagnais eller cree-montagnais-naskapi)
- 5. Menomini (også kjent som menominee)
- 6. Ojibwe og potawatomi (også kjent som ojibwa, ojibway, chippewa, chippeway eller anishinaabemowin)
- 7. Fox-språkgruppa (også kjent som fox-sauk-kickapoo eller mesquakie-sauk-kickapoo)
- C. Austleg algonkinsk (også kalla Austleg Store Sjøar-algonkinsk, engelsk Eastern Great Lakes Algonquian)
- 10. Miꞌkmaq
- Abenaki
- 11. Western Abenaki (nesten utdøydd)
- 12. Eastern Abenaki (†)
- 14. Malecite–Passamaquoddy
- 15. Massachusett
- 16. Narragansett (†)
- 17. Mohegan–Pequot (†)
- 18. Quiripi-Naugatuck-Unquachog (†)
- 19. Mahican (†)
- Delawarean
- 20. Munsee (nesten utdøydd)
- 21. Unami (†)
- 22. Nanticoke–Piscataway (†)
- 23. Carolina Algonquian (†)
- 24. Powhatan (†)
- 25. Etchemin (†) (uncertain - See Eastern Algonquian languages)
- 26. Shinnecock (†) (uncertain)
Grammatiske særdrag ved algonkinske språk
To genus
Substantivet i algonkinske språk har to genus, animatum og inanimatum. Til animatum høyrer typisk substantiv som viser til ånder, menneske, dyr, tre og nokre planter og til inanimatum høyrer typisk substantiv som viser til daude ting (ting utan liv), men også nokre planter. I cree er mellom anna desse substantiva animate:[3]
|
|
|
– og desse inanimate:
|
|
|
Genusa har òg ein viktig innverknad på verba, som er delte inn i fire typar, illustrerte med døme frå cree:
- TA: Transitiv animat. Transitive verb med animat objekt. Døme: wāpam- 'sjå'.
- TI: Transitiv inanimat. Transitive verb med inanimat objekt. Døme: wāpaht- 'sjå'.
- IA: Intransitiv animat. Intransitive verb med animat subjekt. Døme: wāpi- 'sjå'.
- II: Intransitiv inanimat. Intransitive verb med inanimat subjekt. Døme: timī- 'vere djup'.
Det kan hevdast at heile inndelinga handlar om skiljet mellom animatum og inanimatum. TA er verb med to animate ledd knytte til seg, TI har eitt animat og eitt inanimat ledd, IA har eitt animat ledd og II har eitt inanimat ledd. Desse setningane viser skilnaden i bruksmåte mellom dei tre cree-verba som tyder 'sjå':[4]
- TA. Wāpamāw sīsīp atimwa. 'Anda ser hunden.'
- TI. Wāpahtam sīsīp wāwi. 'Anda ser egget.'
- IA. Wāpiw sīsīp. 'Anda ser.'
Obviativ
Bakgrunnsstoff
Fotnotar
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.