From Wikipedia, the free encyclopedia
Alexander Friedrich Wilhelm Franz von Kotzebue (fødd 9. juni 1815 i Königsberg, død 24. august 1889 i München) var ein tysk-russisk slag- og historiemålar frå romantikken.
Alexander von Kotzebue | |
Alexander von Kotzebue måla av Taras Sjevtsjenko | |
Fødenamn | russisk skrift Александр Евстафиевич Коцебу, Aleksander Evstafijevitsj Kotzebu |
Statsborgarskap | Kongedømet Preussen |
Fødd | 28. mai 1815 Königsberg |
Død |
24. februar 1889, 20. februar 1889 (73 år) |
Yrke | kunstmålar, lyrikar, krigskunstner |
Sjanger | historiemåleri |
Far | August von Kotzebue |
Mor | Wilhelmine von Kotzebue |
Born | Wilhelm von Kotzebue |
Alexander von Kotzebue på Commons |
Han var son av forfattaren August von Kotzebue. Etter at faren døydde i 1819 vart han utdanna i kadettkorpset i St. Petersburg og og vart i 1834 løytnant i garden. Etter fire år forlet han derimot militæret og starta som student på kunstakademiet i St. Petersburg. Der var han i seks år før han reiste til Paris i 1846 og i 1848 reisten han på tur til Belgia, Holland, Italia og Tyskland før han til slutt slo seg ned i München.
Kotzebue var russiske professor og æresmedlem av München-akademiet.
Det første måleriet hans, Erobringen av Warszawa, vart målt i 1844 i St. Petersburg. Sidan då måla han mange russiske slag i sjuårskrigen og frå felttoga til Suvorov i store måleri for tsaren av Russland. Av dei viktigaste verka hans finn ein Storminga av Warschaus, Slaget ved Poltava, Storminga av Narva, Kryssinga av Djevelbrua, og Grunnlegginga av St. Petersburg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.