italiensk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Aldo Romeo Luigi Moro (23. september1916–9. mai1978) var ein italiensk politikar og jurist frå Maglie i Puglia. Han var statsminister i Italia 1963–68 og 1974–76. Moro var ein av dei viktigaste leiarane av Democrazia Cristiana (Kristlegdemokratane), og kjend som ein svært tålmodig politisk forhandlar. Han vart kidnappa av Raude brigadar den 16. mars 1978 og myrda etter å ha vore fange i 54 dagar.