Albertsjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Albertsjøen eller Mwitanzige, også kjend som Albert Nyanza, er ein av dei store sjøane i Afrika. Sjøen ligg 615 moh. og har eit areal på 5 527 km². Han dannar grensa mellom Uganda og Den demokratiske republikken Kongo.
Albertsjøen | |||
innsjø | |||
Utløp | Den kvite Nilen | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 416 661 km² | ||
Høgd over havet | 615 moh. | ||
Lengd | 160 km | ||
Breidd | 30 km | ||
Areal | 5 527 km² | ||
Volum | 139 km³ | ||
Albertsjøen 1.6833333333333°N 30.916666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Albert (Uganda) | |||
Sjøen er den sjuande største i Afrika og den nest største i Uganda.[1]
Dei to største elvene som renn inn i sjøen er Den kvite Nilen og Semliki (Semuliki).
Til skilnad frå dei svært djupe sjøene Malawi, Tanganyika og Kivu er vasstemperaturen i heile Albertsjøen relativt stabil, typisk rundt 27-29 °C, og inneheld oksygen til og med i djupare delar.[2]
Ved sørenden av sjøen, der Semliki renn inn, er det myrområde. Rwenzorifjella ligg sør for sjøen og Monts Bleus (Blue Mountains) i Kongo i nordvest. Det finst få busetnadar ved sjøen, to av dei er Butiaba og Pakwach.
Albertsjøen huser mange vasslevande og delvis vasslevande dyr som flodhest, ugandisk kob-antilope, nilkrokodille, nilvaran, afrikansk lêrskjelpadde, Pelomedusidae-skjelpaddenen Pelusios chapini og Pelusios williamsi og ulike slangar og froskar.[2] Det finst fleire vassfuglar her som pelikanar, hegrar og den sjeldne treskonebben.[3] Det finst 55 fiskeslag i sjøen.[4]
Albertsjøen var kjend som Mwitanzige ('grashoppedreparen') av nyoro- og torofolk og av andre opphavlege innbyggjarar. Dette kom av ei gammal tru på at grashopper (lokalt kjende som enzige) omkom i sjøen når dei prøvde å kryssa han. I 1864 kom dei europeiske oppdagarane Samuel Baker og Flóra von Sass til sjøen,[5] og dei kalla han opp etter den nyleg avdøde prins Albert, mannen til dronning Victoria. På 1900-talet kalla presidenten av Zaire (Kongo), Mobutu Sese Seko, sjøen opp etter seg sjølv for ei tid.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.