From Wikipedia, the free encyclopedia
Alberto Cova (fødd 1. desember 1958) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Inverigo i Como-provinsen. Han vart både europmeister (to gongar), verdsmeister og olympisk meister på 10 000 meter i tida 1982-86.
Alberto Cova | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 1. desember 1958 (65 år) Inverigo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984 |
Utmerkingar | ridder av Republikken Italias fortjenstorden |
Langdistanseløparen Cova vart kjend for sine spurteigenskapar. Under friidretts-EM 1982 i Aten overraska han stort då han vann over Werner Schildhauer frå Aust-Tyskland. Året etter var det klart for den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i finske Helsinki, der Cova var ein av dei fremste medaljekandidatane. 10000-meteren gjekk lenge føre seg i eit roleg tempo, og då klokka ringde for siste runde var heile 13 løparar med i tetfeltet. 30 meter før mål låg Cova på femteplass, men på dei siste meterane sprang han seg forbi alle, og atter viste han Schildhauer til andreplassen.
Milløpet under Sommar-OL 1984 i Los Angeles gjekk lenge i eit endå rolegare tempo enn løpet i Helsingfors. Fyrst etter kring 7000 meter auka finske Martti Vainio farta, og einast Cova makta å halde fylgje. Vainio greidde ikkje å halde tempo heilt til mål, så på sisterunda tok Cova seg rimeleg enkelt forbi til OL-gull. Vainio vart elles i ettertid frådømt sølvmedalja, grunna doping.
Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart vart Cova teken att og passert på sisterunda på 10 000-meterløpet, og det av sin eigen landsmann Stefano Mei. På 5000 meteren enda Cova som nummer åtte. Han deltok på 10000 meter under sommarleikane i Seoul i 1988, der vart han slått ut i kvalfiseringsa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.