Al-Qaida
Wikimedia-kategori / From Wikipedia, the free encyclopedia
Al-Qaida (arabisk القاعدة, 'basen'[1]) er ein islamistisk terroristorganisasjon, kjend for spektakulære sjølvmordsåtak mot sivile mål. Den best kjende aksjonen deira er 11. september-åtaka i USA i 2001, der fleire tusen menneske blei drepne.
القاعدة (Al-Qaida) | |||
Framsida til eit al-qaidadokument | |||
Skipa | 1988 | ||
---|---|---|---|
Leiar | Osama Bin Laden, Ayman al-Zawahiri | ||
Ideologi | Islamisme, pan-islamisme, mujahedin | ||
Misjon | Å etablere eit pan-islamistisk kalifat basert på streng islamsk lov, kamp mot «falske» muslimske herskarar, motstand mot det ikkje-islamistiske samfunnet og særleg USA. | ||
Metode | sjølvmorsbombarar, vegbombar, bilbombar, fleire. | ||
Medlemmer | Rundt 75 000-700 000 over heile verda | ||
Internasjonal tilknyting | Taliban Maktab al-Khadamat |
Namnet «al-Qaida» tyder 'base'. Namnet er blitt tolka som 'databasen' med oversyn over mujahedin-styrkar Osama bin Ladan hadde kontroll over av den britiske utanriksministeren Robin Cook. I 2002 tok gruppa namnet Qa'idat al-Jihad, 'basen (grunnlaget) for jihad'.