From Wikipedia, the free encyclopedia
Al-`Ula (òg Al Ola, arabisk العلا, al-ʿulā; òg Dedan) er ein by kring 110 km sørvest for Tayma (380 km nord for Medina) nordvest i Saudi-Arabia. Byen låg langs kryddervegen.
Al-`Ula | |||
by | |||
Gamlebyen i Al-`Ula | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Provins | Al Madinah-provinsen | ||
Koordinatar | 26°37′N 37°55′E | ||
Al-`Ula 26.6084813°N 37.9242897°E | |||
Kart som viser Al-`Ula.
| |||
Wikimedia Commons: Al-'Ula | |||
Han var hovudstad for dei gamle lihyanittane (dedanittane). Her finst fleire arkeologiske funn som er over 2000 år gamle.
Den eldre historia til oasen er delt inn i fleire fasar. Det dedanittiske kongedømet strekkjer seg over 600- og 500 fvt. Dedan er nemnt i «Harraninskripsjonane». På desse er det fortalt korleis Nabonidus, kongen av Babylonia, leia eit militært felttog inn i nordlege Arabia i 552 fvt. eller noko seinare, og erobra Tayma, Dedan og Yathrib, den gamle Medina.[1] Ein trur at kongedømet rundt 400-talet fvt. byrja å gå i arv.
Dei neste fire hundreåra, fram til kring 100 fvt., eksisterte Kongedømet Lihyan. Nabatearane var herrar i regionen minst fram til 106 evt., då romarane erobra hovudstaden deira Petra. Nabatearane gjorde Hegra, dagens Mada'in Saleh, den andre hovudstaden sin. Maktsenteret i regionen flytta seg slik til Hegra, kring 22 km nord for Al-`Ula.
Muhammed drog gjennom Al-`Ula i 630 på veg til Tabuk. Al-Mabiyat som ligg kring 20 km unna, nær Mughaira, vart det neste handelssenteret i regionen. Det blømde frå kring 650 fram til det gjekk nedover ei stund før 1230.
På 1200-talet vart gamlebyen i Al-`Ula bygd og mange steinar frå dei gamle ruinane i Dedan og Lihyan vart nytta om att. Al-`Ula vart så den største busetjinga i regionen fram til moderne tid. Det vart bygd ein jernbanestasjon for Hejazbanen i 1901-08. Jernbanelinja gjekk gjennom den vestlege delen av Al-Khuraiba kring 12 km nord for gamlebyen. På 1900-talet var det nye bysenteret oppretta ved sidan av gamlebyen og etter kvart flytta folk ut av dei gamle bygningane. Den siste familien skal ha drege der frå i 1983, medan moskéen var i drift fram til 1985.[2] Både ruinane av mellomalderbyen og den antikke liyhanittiske busetnaden ligg i dag innafor den moderne byen.
Den første europearen som vitja staden i moderne tid var Charles Doughty i 1876. Charles Huber var i Al-`Ula i 1881–82. Han kom attende i 1883 i lag med Julius Euting. Dei franske oppdagarane A. Jaussen og R. Savignac vitja regionen i 1909 og igjen i 1910 og kopierte inskripsjonar og utforska ruinane. I 1968 undersøkte eit lag arkeologar frå Universitetet i London kring femten inskripsjonar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.