Kaurifuru
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kaurifuru eller berre kauri (Agathis australis) er eit kongleberande tre som finst nord for 38°S på Nordøya på New Zealand. Av volum (men ikkje i høgde) er dette det største treet i landet. Dei høgaste trea kan nå opp til 50 meter over skogbotnen. Treet har glatt bork og små ovale blad. Andre vanlege namn på treet for å skilja det frå andre i Agathis-familien er sørleg kauri eller New Zealand-kauri.
Kaurifuru | |
Kaurifuru | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av kaurifuru | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Cycadophytanae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Kranstrefamilien Araucariaceae |
Slekt: | Agathis |
Art: | Kaurifuru A. australis |
Vitskapleg namn | |
Agathis australis Lindl., 1829 |
Kauri er mellom dei eldste treslaga i verda, og har utvikla ei unik nisje i skogen. Med sitt uvanlege regenerasjonsmønster og samverknad med jordsmonnet, er treet i stand til å ta opp konkurransen med seinare utvikla og snøggare veksande dekkfrøblada planteslag. Fordi det er ei slik iaugefallande art, vert skogar der kauritreet finst gjerne kalla «kauriskogar», sjølv om kauri ikkje treng å vera det mest utbreidde treslaget der. I det varmare nordlege klimaet har kauriskogar ein større artsrikdom enn i andre førekomstar lenger sør.
Slektsnamnet Agathis er avleidd frå gresk, og tyder 'hyssingnøste'. Det viser til forma på konglane frå hanntrea. Australis tyder 'sørleg'.[1]