From Wikipedia, the free encyclopedia
Aelbert Jacobszoon Cuyp (20. oktober 1620–15. november 1691) var ein nederlandsk kunstnar, i hovudsak landskapsmålar, som arbeidde i Dordrecht, der han både var fødd og døydde. Han vert rekna som ein av dei fremste nederlandske landskapsmålarane på 1600-talet.
Aelbert Cuyp | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 20. oktober 1620 Dordrecht |
Død |
15. november 1691 (71 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, landskapsmålar, teiknar, biletkunstnar |
Sjanger | landskapsmåleri, grafikk, gravering, stilleben, portrett |
Far | Jacob Gerritsz. Cuyp |
Aelbert Cuyp på Commons |
Cuyp vart fødd inn i ei målarfamilie i Dordrecht. Han var son og elev av målaren Jacob Gerritsz. Cuyp og brorson til Benjamin Gerritsz. Cuyp. Farfaren var ein glasmålar Gerrit Gerritszoon Cuyp. Han skal ikkje ha hatt nokon annan lærar enn faren, men var òg påverka av Jan van Goyen.
Cuyp måla mest nederlandske landskap med menneske og dyr, særleg av storfe, men også sjømotiv med båtar. Dessutan måla han stilleben og portrett. I behandlinga av sollyset har Cuyp vorte samanlikna med Claude Lorrain. Trass i at han aldri var i Italia, måla han eit gullskimrande sollys over sine nederlandske landskap som minner om det ein kan sjå ved Middelhavet og på måleri derifrå. Heimstaden Dordrecht kan ein ofte skimte i bakgrunnen på måleria hans.
Cuyps tidlege landskapsmåleri har vorte blanda i hop med dei faren hans måla, og ein reknar med at dei to omkring 1641 samarbeidde med eit par måleri.
Ein Cuyp-hausse mellom engelske kunstsamlarar mot slutten av 1700-talet er grunnen til at dei fleste av måleria hans gjennom nokre få tiår hamna i engelske samlingar. Berre eit fåtal kom til dei nederlandske musea.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.