Adelskalenderen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Adelskalenderen er i lengdeløp på skeiser ei sentral og objektiv rangering av skeiseløparane basert på personlege rekordar. Rangeringa er etter det same prinsippet som blir brukt i allroundmesterskap på skeiser som består av 500, 1500, 3000 og 5000 meter for kvinner og 500, 1500, 5000 og 10 000 meter for menn. Rangeringa vart innført i Noreg i 1928, og omgrepet «Adelskalender» blir brukt på fleire språk.