Adam er eit mannsnamn med hebraisk opphav og tyder menneske . Den latinske forma av namnet er Adamus .
Namnetrekket til den polske nasjonalskalden Adam Mickiewicz .
Spansk utskjering av Adam frå 1100-talet.
Namnet kan òg brukast som etternamn, anten i same form som førenamnet eller som patronym , slik som Adams eller Adamsen . Ein kjend målarfamilie frå München heitte Adam.
Namnet Adam har vorte brukt i Noreg sidan 1400-talet .
Adam som førenamn
Relieff av den ungarske målaren Ádám Mányoki .
Den bibelske Adam , som i jødedommen , kristendommen og islam er sett på som det mannlege opphavet til menneskja
Adam av Bremen , tysk mellomalderprest
Adam Weishaupt (1748-1830), tysk jurist og grunnleggjar av Illuminati
Adam Ludvig Lewenhaupt (1659-1719), svensk general og greve
Gustaf Adam Taube (1673-1732), svensk greve
Adam Smith (1723-1790), skotsk økonom
Johan Adam Cronstedt (1749 - 1836), svensk greve og offiser
Adam Oehlenschläger (1779-1850), dansk romantisk forfattar
Adam Egede-Nissen (1868-1953), norsk postmann og politikar
Adam Sandler (f. 1966), amerikansk komikar og skodespelar.
Adam Alsing , (f. 1968), svensk programleiar
Adam Małysz , (f. 1972), polsk skihoppar
Adam som slektsnamn
Adam House i Adam Street i Westminster, bygd av dei skotske arkitektbrørne Adam.
Melchior Adam , (1575-1672) tysk litteraturhistorikar
Robert Adam (1728-1792), skotsk arkitekt
Johann Friedrich Adam (1780-1838), tysk botanikar som seinare skifta namn til Michael Friedrich Adams
Albrecht Adam (1786-1862), tysk målar
Adolphe Adam (1803-1856), fransk komponist og kritikar
Benno Adam (1812-1892) tysk målar, son til Albrecht
SSB - namnestatistikk for mannsnamnet Adam i Noreg.