Absjeronhalvøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Absjeronhalvøya (aserbajdsjansk Abşeron yarımadası) er ein region i Aserbajdsjan. Baku, den største og mest folkerike byen i landet, og storbyområdet kring byen med forstadane Sumgayit og Khirdalan ligg på halvøya.
Absjeronhalvøya | |||
Land | Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 110 km² | ||
Folketal | 4 642 097 | ||
Absjeronhalvøya 40.463666666667°N 49.957580555556°E / 40.463666666667; 49.957580555556 | |||
Wikimedia Commons: Abşeron peninsula | |||
Det er tre distrikt på halvøya. To av desse er urbane (Baku og Sumgayit), og ein (Absjeron rajon), er eit forstadsdistrikt i Absjeronområdet.
Halvøya strekkjer seg 60 km austover og ut i Kaspihavet og er 30 km på det breiaste. Sjølv om ho teknisk sett er den austlegaste forlenginga av Kaukasus, er landskapet berre noko åslendt, og består hovudsakleg av ei svakt kupert slette som endar i ei lang sandtunge kalla Shah Dili, og som i dag er ein del av Absjeron nasjonalpark. På denne delen av halvøya finst det mange kløfter og fleire saltsjøar.