Abernethy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Abernethy er ein landsby som ligg ved elva Tay i Perth and Kinross i Skottland omtrent ca 30 km søraust for Perth. Han har kring 1000 innbyggjarar. Abernethy var ein gong «hovudstaden» (eller iallfall eit religiøst og politisk senter) for det piktiske kongeriket.
Abernethy | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Obar Neithich | |
Landsbyen Abernethy | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Perth and Kinross | |
Tradisjonelt grevskap | Perth and Kinross | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
945 | |
Koordinatar | 56°20′N 3°19′W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PH2 9xx | |
Telefon-retningsnummer | 0 01738 85 | |
Staden har eit av to overlevande rundtårn i Skottland av irsk type (det andre er i Brechin i Angus, begge blir teke hand om og blir administrert av samskipnaden Historic Scotland). Det tjue meter høge rundtårnet vart tilsynelatande bygd i to etappar, noko som kan sjåast i endringar i steinverket, og kan daterast til mellom 1000- og 1100-talet.
Namnet til landsbyen er piktisk, det eldste kjende nedskrivinga var «Apurnethige». Fleire utgåver av piktisk eller tidleg mellomaldersk skulptur har vorte funne i Abernethy, inkludert ein ufullstendig piktisk symbolstein som er mura inn i fundamentet til rundtårnet. Tårnet har etter sigande fått namnet sitt frå det skotske-gæliske ordet ‘Aber’ som tyder «munn av» og ‘Nethy’ som er namnet på elva.
Til vest for Abernethy, i byen Forteviot, sigra kong Cináed mac Ailpín eller Kenneth I av Skottland i samsvar med myta over piktarane og kongen deira og vart med det grunnlaget for kongeriket Skottland. Dei fleste historikarane meiner likevel i dag at dette slaget aldri fann stad, sjå MacAlpins forræderi.
Eit lite museum vart opna ganske nyleg og held ope for publikum om sommaren og har ei utstilling om landsbyen.