![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4f/ASCII_Code_Chart.svg/langnn-640px-ASCII_Code_Chart.svg.png&w=640&q=50)
ASCII
From Wikipedia, the free encyclopedia
ASCII (American Standard Code for Information Interchange) er eit teiknsett, det vil seie ein standard for utveksling av tekst mellom datamaskinar. ASCII nyttar 7 bit til kodar som gjer det mogleg å kode 128 ulike verdiar. 95 av desse er tilordna store og små bokstavar i det engelske alfabetet (A-Z), tala 0-9 og ein del andre ofte brukte teikn. Resten av kodane er ymse spesialkodar for regulering av flyt, linjeskift og anna. ASCII er i ferd med å bli erstatta av Unicode, eit teiknsett som har rom for over éin million teikn.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4f/ASCII_Code_Chart.svg/640px-ASCII_Code_Chart.svg.png)