From Wikipedia, the free encyclopedia
«(You're the) Devil in Disguise» er ein song frå 1963 av Elvis Presley, skriven av låtskrivarane Bill Giant, Bernie Baum og Florence Kaye. Han vart publisert av Elvis Presley Music i juni 1963. Denne songen nådde tredjeplassen på Billboard-lista i USA 10. august 1963 og niandeplassen på Billboard Rhythm and Blues-lista, og vart den siste topp 10-singelen hans på Rhythm and Blues-lista.[1] Singelen selde til gullplate i USA for 500 000 selde eksemplar. Songen toppa òg Utamatic-lista i Japan hausten 1963.
(You're the) Devil in Disguise Singel av Elvis Presley | ||
B-side |
«Please Don't Drag That String Around» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1963 | |
Innspelt | 26. mai 1963, RCA Studios, Nashville i Tennessee | |
Sjanger | Rhythm and blues | |
Lengd | 2:17 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye | |
Tekstforfattar | Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye | |
Låtskrivar(ar) | Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«One Broken Heart for Sale»
(1963) |
(You're the) Devil in Disguise | «Bossa Nova Baby»
(1963)
|
I 1963 vart songen spelt for eit britisk publikum for første gongen på BBC-showet Juke Box Jury, der kjendisgjesten John Lennon stemnde songen som «ein miss» og sa at den nye songen til Elvis Presley var «som Bing Crosby no». Songen nådde toppen av den britiske singellista.[2]
Presley spelte opphavleg inn songen 26. mai 1963, i RCA Studios i Nashville. «(You're the) Devil in Disguise» og B-sida «Please Don't Drag That String Around» vart spelte inn for eit heilt album som var planlagt for 1963, men RCA valde i staden å gje ut desse songane som singlar og som bonusspor på filmmusikkalbum.[3]
Bass-songaren J.D. Sumner er med på songen og syng i eit lågt register for å representere djevelen med linja «Oh, yes, you are», før songen tonar ut.
Vekeslister
|
Årslister
Tiårslister
Salstrofé
|
Ein versjon av Trisha Yearwood finst på Honeymoon in Vegas, som hovudsakleg består av Presley-songar. Punkrockbandet The Misfits spelte inn songen på den utvida utgåva av Project 1950, eit album som òg inneheld ein versjon av Presley sin «Latest Flame». Den svenske komikaren Robert Gustafsson spelte inn ein versjon av songen i 1990-åra.
Ein spansk versjon kalla «Un diablo disfrazado» skriven av Augusto Algueró vart framført av Luis Aguilé i 1963. Peter Buchenkamp skreiv ein tysk tekst kalla «Liebe kälter noch als Eis» som vart framført av Rex Gildo i juli 1963.
Ein fransk versjon av songen kalla «Tu n'as rien de tout ça» vart skriven av Ralph Bernet. Denne vart først framført av Eddy Mitchell i november 1963, og sidan av Johnny Hallyday i 1964 og så av Betty & The Bops i 2000.
Moog Konttinen skreiv ein fink tekst kalla «Nainen valepuvussa» som vart framført av Kontra i 1977.
Ein nederlandsk tekst vart skriven av Nelly Byl og kalla «Duivelskind». Denne vart framført av Will Tura i 1984. Ein tsjekkisk versjon kalla «Ďábel tisíc tváří má» vart framført av Karel Gott i 2012.
«(You're the) Devil in Disguise» er med i kortfilmen til Kenneth Anger kalla Scorpio Rising.
Songen vert òg nytta i Disney-filmen Lilo & Stitch og det påfølgjande filmmusikkalbumet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.