![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/08/Zirje_satelite.gif/640px-Zirje_satelite.gif&w=640&q=50)
Žirje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Žirje er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg i øygruppa Šibenik, om lag 22 km sørvest for byen Šibenik. Det gjer ho til den øya i øygruppa som ligg lengst frå land av dei busette øyane.[1] Øya består av to kalksteinstoppar med ein frodig dal mellom.[2] Ho har eit areal på 15,06 km² og eit folketal på 124 (2001).[3] Folketalet har gradvis minka (720 innbyggjarar i 1953, og 207 i 1981).[2] Den einaste landsbyen på øya heiter òg Žirje. Vegetasjonen på øya er hovudsakleg krattskog.[4]
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Žirje | |
---|---|
![]() Satellittbilete av Žirje | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar | 43.6523° N 15.6616° E |
Øygruppe | Šibenik
|
Areal | 15,06 km²
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Šibenik-Knin
|
Demografi | |
Folketal | 124 (2001) |
Lukk
Hovudnæringae på øya er jordbruk (vindruer, oliven, plommer, fiken og surkirsebær) og fiske.[2][4] Sjøen rundt Žirje er rik på fisk.[1][5]